kameleon quilt logo

Kameleon Quilt nr 4




I Hjertekammeret
Veggteppe 68 x 46 cm



Dette teppet laga eg til ektemannen sin femtiårsdag i vår. Den fortel litt om forholdet vårt og korleis det har utvikla seg fram gjennom åra.
Nokre av tankane er også relevante for alle mellommenneskelege forhold.
I Hjertekammeret lukka Hjertet er lukka.
I Hjertekammeret ope Vi møtest, og blir forelska. Hjertet åpnar seg og står plutselig i full blomst.
I Hjertekammeret eit bilde Det tek ikkje lang tid å erobre det første vesle hjørnet av hjertet mitt.
Dette er også det første bildet han gav meg då han var berre 17, framleis i den originale papp-ramma, men ganske flekkete etterkvart.
I Hjertekammeret to bilder Eit nytt rom åpnar seg, - lenger inne i hjertet.
I Hjertekammeret tre åpningar og fire bilder Ikkje alle hjerteklaffane kan åpnast på same måte, der er forskjellige prosedyrar, og nokre tek både tid, tolmod og fingerferdigheit. Dei ligg og lagvis, så rekkefølgja er ikkje tilfeldig.
I Hjertekammeret alle flippar og alle bilder Med tolmod og utholdenheit kjem ein til slutt til det innerste hjørnet i hjertet.
På begge sider av hjertet er der rektangulære log cabin blokker i court house steps-varianten. Både hus og forhold må byggast stein på stein, eller stokk på stokk, ingenting blir til av seg sjølv, og det må haldast ved like.

No er det også kome norsk mønster til dette teppet.




Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff  

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN

Copyright 2002 2003 Eldrid Røyset Førde